AMFI Knarvik ligg i Knarvik, som er kommunesenteret i Alver og regionsenteret i Nordhordland. Med sin sentrale plassering er AMFI Knarvik ein naturleg og viktig møteplass for handel og kultur i området.
Omsetning (2025)
842 mill.
Besøkende (2025)
2 500 000
Butikkareal
17 442 m²
Leietakere
49
Leie lokale på AMFI Knarvik?
Om du er interessert i å leie lokale på kjøpesenteret, tar vi gjerne en prat med deg!
I tillegg til å tilby eit godt og bredt varesortiment, ønsker AMFI Knarvik å vere ei storstove og ein utstillingsplass for lokal kultur, og ein myldreplass med samfunnsansvar og engasjement for lokalmiljøet.
Senteret er ikkje berre eit kjøpesenter med god butikkmiks og fleire spisestader, her er det både treningsstudio, bibliotek og fleire offentlege tenester som mellom anna NAV, politi og Innbyggjarservice for Alver kommune.
Senteret, som opna i 1978, har ei rik historie og har sidan 2021 vore forvalta av Thon Gruppen. I oktober 2022 blei senteret pussa opp og omdøypt til AMFI Knarvik, og vi er stolte av å kunne tilby eit attraktivt og hyggeleg miljø for både butikkar og kundar.
Marknad- og kundegrunnlag
AMFI Knarvik er sentralt plassert i Knarvik, lett tilgjengeleg frå E39, med bussterminal nokre meter unna og 25 minuttar køyretid til Bergen.
AMFI Knarvik er marknadsleiar i Nordhordland. Primærmarknaden er kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Gulen og nordre del av Åsane (med totalt 52 000 innbyggjarar). Sekundærmarknad er Bergen og resten av Vestland Fylke.
I Nordhordland er det rundt 6000 hytter/fritidsbustader, og Alver er kommunen med flest hytter på heile Vestlandet. Senteret er eit nærsenter for heile familien og hyttefolket sitt førsteval for helge- og feriehandel
Butikkmiks
AMFI Knarvik har ein god butikkmiks med både kjedebutikkar og nisjebutikkar med kjente merkevarer. Ein del av butikkane er unike, lokaleigde butikkar som ikkje finst andre stader. Senteret har eit spesielt godt utval innan mote, hus og heim, elektronikk, sport, helse og velvære.
Nokre av dei største butikkane: Vinmonopolet, Meny, Bunnpris, Power, Apotek 1, Vitusapotek, Sport 1, Sport Outlet, Normal, Lindex, Cubus, Dressmann, Mester Grønn, Kid Interiør, iSushi og Baker Brun.
Ein arbeider kontinuerleg med å utvikle senteret med nye butikkonsept og merkevarer.
Nærmiljøet rundt AMFI Knarvik byr på eit variert handels- og helsetilbod, og flotte friluftsareal. Området rundt senteret er i sterk vekst, og det er planlagt utbygging av rundt 400 nye bustader i gangavstand til senteret i løpet av dei næraste åra.
Rett ved senteret er det barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule. Den sentrale plasseringa rett ved E39 og det gode kollektivtilbodet gjer senteret til eit knutepunkt i regionen.
Knarvik terminal (buss)
1 min
Gåtid
Leie stand på kjøpesenter
Du kan stille ut på alle Thons kjøpesentre i hele landet, inkludert de største kjøpesentrene i Norge. Øk synligheten og salget med din egen, innendørs markedsplass!
Med en årsomsetning på nesten 4,3 milliarder kroner i fjor, beholder Lagunen Storsenter i Bergen posisjonen som Norges største kjøpesenter for femte år på rad.